onsdag 10. august 2016

Nytt frå bokklubben





Jada, eg skulle avbestille - men det blei glømt. I dag kom det ei bok frå bokklubben ein av gutane er medlem av. Thomas flotte engelske og norske ordbok. Men heilt ærleg så har eg sansen for slikt. Jentene(og nokre gonger gutane) ser på ein serie som heiter Dora and Friends. Det dei gjør der er at dei byttar ut norske ord med engelske som f.eks. "Hello venn" Eller "Jeg tror jeg ser a Boat" og brukar det som fullendte setningar. Kanskje ikkje eit direkte eksempel, men du ser kanskje kva eg meiner. 
Du veit, dei er små sugekoppar - dei kan lære seg språk i rekordfart og det er vår jobb å legge tilrette for det. Så kjære konemor, eg glømte sjølvsagt ikkje å avbestille Thomas engelskbok - Det er eit strategisk val og min måte å legge tilrette for at ungane våre kan lære seg språk. Det same gjeld søpla eg ikkje tok ut i går, like strategisk. Eg likar det yrende bananfluemiljøet. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar