mandag 15. august 2016

Heime i lunsjen..



Eg har vore heime i lunsjen i dag og henta posten.
No har eg to val. 

Skal eg legge blekka fram, slik at konemor ser den når ho kjem heim? 
Konsekvensen av det vil garantert bli noe slikt: "Alexander, hadde det ikke vært praktisk med en sånn benk?" "Jobber du full dag på torsdag?" "Kan du få lånt en stor bil av Tobben?". 
Og heilt dønn ærlig så veit eg ikkje korleis dei klarar det. Dei har brukt våren på manipulasjonstriks. Kanskje dei har øva på kvarandre? Mulig dei har planta frø allerede etter jolemiddagen. Men kvart år avbryter eg regla hennar og sier "Eg får Tobben på tråden med ein gong! Eg tar meg fri torsdag, eller kva med i morgon? Eller i dag? NÅ?"

Eller så kan eg gjøyme blekka. Og kanskje spare dei tusenlappene vi brukar. Men ho får sikkert høyre det av venninne sine uansett, og det er jo moro å gjere konemor glad også. Kanskje ho spanderar en tallerken kjøttbullar på meg - det er det minste ho kan gjere etter at eg heilt sikkert har dratt kortet i ekstase både på Slependen og Furuset.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar